HPV-vaksinering i Lesja

hpv-virus.jpg - Klikk for stort bilete Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd i 1991 og seinare

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får fra hausten 2016 tilbud om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksinen anbefales til unge kvinner for å forebygge livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanligste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdomen. Vaksina kan gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Fra hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødd 1991 og seinare også få tilbud om gratis HPV-vaksine. Tilbudet er midlertidig og varer i ei toårsperiode fra hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser som vert sett i løpet av 6-12 månader og må derfor startes opp innan utgangen av 2018.

Ta kontakt med Lesja helsestasjon for å avtale tid for vaksinering.Om du går på skule ein annan stad i landet, vaksinerer vi deg gjerne når du kjem heim på juleferie.

For å avtale tid for vaksinering, ta kontakt på tlf 61244209/ 97018386/95183877, eller send ein mail: kjersti.flittie@lesja.kommune.no

 

Mer informasjon om HPV og HPV-vaksine: 

Folkehelseinstituttets nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine

Publisert av Martin Vorkinn. Sist endra 17.10.2016
 
  • TelefonBilde 61 24 41 00
  • FaksBilde 61 24 41 04
  • PostboksBildePostboks 53, 2665 LESJA
  • PostboksBilde Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Åpningstid: 8:00 - 15:30
Login for redigering
Login for redigering